Fjelltrimmen 2020

Her er beskrive dei vanlegaste rutene til fjelltrim-postane. Spør kjentfolk om du likevel er usikker. Postane er som regel merka med ei raud fille. Du vil også finne eit kart og poengark som du kan laste ned.

Vi vil minne om å vise omsyn ved parkering, ikkje gå over dyrka mark og hugs å late att grinder. GOD TRIMTUR!

Følg gjerne Vartdal T&IL – Fjelltrimmen på Facebook

Poengark

Klikk på biletet for å laste ned poengark for Fjelltrimmen 2020

Kart

Klikk på biletet for å laste ned kart over rutene 2020.

Sommarpostar

Fortsett frå Vollesætra, følg råsa nordover til Gamlestøylen og vidare til høgda mot myrane, der råsa dreiar nordover mot ryggen, forbi Litletua og Stortua til toppen. Posten ligg i varden. Flott utsikt.

Start frå Melbøsætra, skilt der råsa startar, gå framover skogen, over Ædhaugen og gjennom Molladalsporten til siste høgda før Storevatnet, der posten ligg under ein stor stein. Ein luftig passasje i råsa er tilrettelagt med kjetting som handtak. Fin tur vidare over Molladalsskaret, 980 moh, til Ytre Standal. Kan også gå til Molladalen via Fossen eller Steinstøylskaret.

Gå til Barstadskaret via Barstaddalen eller Høgebakken. Ta sikte på nordvesteegga og gå opp mot ein markert rygg, nokre raude merke kan du finne, inga markert rås. Frå ryggen finn du ei godt synleg rås til toppen. Her er ei fantastisk utsikt! Kan få ein rundtur ved å fortsette fjellryggen mot Steinstøylsskaret, og gå vidare til Molladalen eller ned til Steinstøylen.

Bomveg til Barstadsætra, der råsa går til venstre for Barstaddalselva oppover skogen, over skoggrensa og inn i dalen, der posten ligg i murane ved hytta. Fin tur å gå vidare over Barstadskaret, 690 moh, til Romedalen eller Høgebakken.

Gå først som beskrive til Barstaddalen til du kjem dit dalen flatar ut, sving vestover oppover til Klovevatnet. Ved ein stor stein går ei etterkvart meir trakka rås rett opp på fjellplatået. Følg fjellryggen til toppen. Flott utsikt.

Start på Masdal, der du finn råsa til venstre for brua på riksvegen, først på traktorveg, så vidare oppover skogen, over tregrensa og inn i koppen nedanfor Masdalskloven. Posten ligg ved ein stor stein. Fin familietur.

Gå frå Høgebakken innover dalen mot Skjerva. Etter første markerte motbakken, ved ein stor stein dreiar du til venstre opp ein markert rygg, følg den heilt opp der posten ligg. Fin familietur.

Fint å fortsette frå Hesteryggen, over Trongegga; 959 moh, og vidare nordvestover fjellplatået til toppen som ligg rett over Vartdalsfjorden. Posten ligg i varden. Kan også gå turen via Barstadskaret.

Start på Høgebakken (sætra på Nordre Vartdal). Ta sikte på å gå opp dalen mellom Kuvane. Du finn råsa til venstre for elva som kjem ned der. Følg den opp dalen til Ørstaskaret og drei nordvestover til toppen. Posten ligg i varden, god utsikt! Kan ved lite snø gå sidebratt frå Åvatnet under Storekuven (inga god rås), og dreie rundt fjellryggen og følge den til toppen.

Gå frå Høgebakken (bomveg) rett sørover ned og forbi eit lite vatn, vidare oppover langs ein lita elv, krysse den og gå over haugane. Du ser no koppen der Åvatnet ligg. Ta sikte på ein tydeleg rygg på venstresida av elvegjølet som kjem ned frå vatnet. Der er ein delvis tydeleg sti. Posten ligg ved osen.

Start i byggefeltet Steinholen. Råsa er merka forbi eit beite og oppover skogen til ein utkiksplass opp på hammaren, der posten ligg.

Start ved ei flott informasjonstavle på Myklebust i Årsetdalen. Godt merka rås. Du ser små vardar og ein staur ved Den Julianske Borg. Her ligg oftast ein snøflekk tidleg på sommaren.

Fortsett frå Den Julianske Borg, følg ryggen framover til toppen. Posten ligg ved varden. Flott utsikt.

Start ved skitrekket og følg sætrevegen til endes. Følg råsa forbi dei gamle sætretuftene og videre framover. Posten ligg litt opp og til høgre for råsa.

Kan køyre til Årsetstøylen, eller gå den fine sætrevegen frå Busetlegene. Fin rås oppover til Vassdalen og til osen av vatnet det posten ligg. Fin familietur. Kan gå vidare over Vassdalsskaret og ned Nupadalen i Ørsta.

Fin tur til ein lite besøkt dal startar på Busetsætra (bomveg). Følg råsa som går nordvestover til Litledalen, kryss elva like nedanfor osen og drei utpå dalkanten (med flott utsikt til Årsetdalen) og vidare oppover skogen, rundt fjellryggen til du ser vatnet i Hessdalen. Gå litt ned til posten som ligg i varden ved vatnet. Kan gå vidare rundt Levandehornet over Heidane til Skorgedalen, -fin rundtur. Kan også gå frå Hessdalen til Risaskaret.

Bomveg til Busetsætra. God rås innover dalen forbi sætra og vidare innover i Skorgedalen. Omlag ved Åsalvatnet tar ein til venstre frå hoved råsa og følger råsa mellom Omnsvatna og vidare opp på Omnen.

Gå frå Skorgestøylen opp på øvste heida. Følg ryggen opp til toppen. Posten ligg ved varden.

Kortaste vegen går frå Skorgestøylen over Heidane til nordlege enden av Svartevatna. Derifrå går ein markert fjellrygg opp mot toppen. Følg den og drei litt til venstre for egga i siste stykket mot toppen. Her er bygd ein flott varde. Fin utsikt til Risaskaret og utover Rovdefjorden. Kan også gå ditt via Risaskaret og Indre-Risaskaret eller frå Skorgedalen – Åsalen og opp Skorgedalsskjæften (Ørstamunnen). 

Gå frå Risaskaret og ta sikte på ryggen som går rett opp mot toppen (ikkje tydeleg rås). Utsikt! Kan også gå frå Flåskjær opp Flåskjærdalen eller fra Remen via Nakkane og Kornfjellet. Kan følge egga vidare til Grøthornet, ned Indre-Risaskaret og velge vidare tur til Liadalsætra, Hesteryggen, Skorgedalen eller tilbake til Risaskaret.

Heilårspostar

Råsa startar framom fremste husa på Vollane, til venstre for elva ved eit kvernhus. Gå oppover skogen, kryss elva etter 2-300 m, fortsett til over granskogen, der posten er ved ein gammal selmur.

Gå frå Rotaneset og følg ein fin skogsveg til endes. Nedanfor hytta, heng posten på et tre. Fin utsikt.

Ei god blå-merka rås startar frå Sætre / Sætrefeltet på Vartdal. Følg den opp gjennom lauv- og granskog. Du kjem opp på ein berg-knaus med god utsikt, Risanakken, der posten ligg.

Bomveg til Busetsætra. God sti innover dalen til sætra i Skorgedalen. Lett tur med lite stigning i flott natur. Posten heng i ein stokk ved ein gamal selmur. Flott tur vidare gjennom dalen og ned i Skorgeura.

Bomveg til Busetsætra. Fint å starte frå parkeringsplassen ved Busetsætra. Oppover ryggen går ei godt merka rås til toppen, der posten ligg i varden. God utsikt.

Traktorveg til Fosshola. Kryss brua ved kraftverket og følg råsa som går til høgre for røyrgata opp på skaret. Posten ligg i varden på kanten. Kan gå vidare rundt Heidane og ned Skorgedalen eller over Indre-Risaskaret og ned til Liadal eller Skorgedalen.

Vinterpostar

Ved snøforhold er der ofte trakka løype frå Erdalen, rundt sætra og tilbake til Barstadsida av elva. Fin rundtur for familiar. Dette er også ein fin tur til fots ved lite snø. Posten er ved info-tavla til Molladalen.

Fin skitur frå Årskogbrua på Nordre Vartdal via Høgebakken eller frå Barstadsætra opp Barstaddalen. Her skin sola nesten heile året!

Skitur fram sætrevegen frå Årskogbrua på Nordre Vartdal til sætra.

Start ved skitrekket og følg setervegen til endes. Ved snøforhold er det ofte trakka løype på setervegen heilt fram. Parker ved skitrekket. Fin familietur. Posten heng i et tre like fram om brua.

Previous
Next